Første eg tenkte då me landa på den internasjonale flyplassen i Antananrivo (Tana) var at dette såg ut som ein miniversjon av ein typisk «sydenflyplass». Palmane som var planta på ei sirlig rekke, støvet som letta og varmen som slo imot oss då me kom ut av flyet. Eg blei kjempeglad og supergira på ein gong! Så, då eg innsåg den korte rekkevidda av eige verdsperspektiv blei eg passe flau. Likavel, det eg vil kalla førsteintrykket av landet var mykje meir enn berre utsjånaden til flyplassen. Alle dei undrande og smilande ansikta og alt dei bar på hovudet fascinerte meg. Då me berre hadde køyrd fem minutter frå flyplassen gjekk det ein mann langs vegen med eit heilt kjøkkenbord på hovudet, som om det var heilt normalt?! Seinare har eg sett at det faktisk er normalt å bera alt mulig på hovudet. Alt frå dagens frukt til ein heil sekk med murstein. Kontrastane i denne enorme byen er tydeleg merkbare for ferske nordmenn som oss. Som norsk vestlandsjenta var det spesielt å koma til hovudstaden i eit land på 23 millionar. Me fekk sjå folk traske rundt berrføtt midt i hovudgata, ris, mais og musteinsmarker så store at dei ikkje kan samanliknast med forballbanar, vegar av relativt grei nasjonal standar, men som berre nesten hadde blitt sett på som ein traktorveg heima og alle barna som spring rundt om i gatene, smiler, leiker, hjelper foreldra og går til og frå skulen. Den første veka budde me på youth senteret som ligg eit godt stykke utanfor «down town» Tana, Sabotsy-Namehana, som på folkemunne berre blir kalla Sabnam. Der var ein veldig grei plass å bu, sjølv for ferske nordmenn, men heilt klart ikkje den standaren me er vanen til. Me budde i eit stort hus i lag med ein pastorfamilie. Me hadde eige kjøkken og kunne gjera det me ville så lenge det ikkje var noko undervisning eller papiarbeid som skulle bli fiksa. Det å kunne sitja på altanen og nyta sola eller i treet og kjenne den svale brisen, var som ein draum. Det heile var litt som å vera på hyttetur ein plass der du cirka ikkje skjønte eit kvekk av det nokon sa til deg.
Enn så lenge. Jenny er faktisk blitt ganske brukbar (skal spare ordet god til det virkelig er bra) i gassisk, då spesielt på ord ein bruke på markedet. Det er ein genial plass å øva seg! Dei ser litt rart, men ope på deg når du stotrer deg fram på noko som kan likna på noko dei er kjend med. Eg for min del bruker for det mest setninga «Iza ny anaranao?» som betyr kva heite du, og snakke då òg mest med barna som ein stadig møte på. I dag flytta me til det kombinert gassisk- og norskdrivne Lovasoa i Antsirabe. Byen blei grunnlagd av nordmenn, og med anna er den eldste kyrkja her frå 1800-talet. Lovasoa er eit kultur- og kompetansesenter der me skal ha språkkurs. Heile plassen er tydeleg norskprega, for, ja, til og med den gassiske resepsjonisten snakker norsk! Til slutt må eg berre nemne at den dyrebare og veldig stolte basketballen me skreiv om i forige innlegg dessverre blei stoppa i Istanbul, då Turkish Airlines ikkje kunne godta faren for at den kunne sprenge under flyreisa. Skal eg vera ærlig blei eg meir lei meg for tapet enn eg hadde trudd. For den ballen var jo ikkje «berre» ein ball. Sukk.. Jaja, litt skryt skal flyselskapa ha også då, når faktisk all storbagasjen kom feilfritt på første forsøk. Silje
0 Comments
Salama! Nå sitter vi på flyplassen og er endelig klare for avreise til det store utland. Første stopp er Istanbul, og deretter videre til Antananarivo. Det har vel egentlig ikke helt gått opp for oss enda at det faktisk skjer, får bare følelsen av å skulle på en lang ferie. Veldig lang. Gøy. Så langt har vi tilbragt tiden sammen med rutinerte businessmenn, spist pizza og sett på gøye folk. Det gjør vi i og for seg fortsatt, flyet går ikke før om halvannen time. Vi er fremme på Madagaskar klokka 2 i morgen ettermiddag, så det er en lang tur som venter. Vel fremme skal vi være i hovedstaden i en uke for å ordne praktiske ting og lære om hva man kan og ikke kan gjøre når vi er der, før vi skal videre til Antsirabe for å ha språkkurs. Fianarantsoa ser vi altså ikke før i november. Flyturen got us like Silje har vandra gjennom hele Gardermoen og sett sykt kul ut med basketball under armen og sekk på ryggen. Ballen skaffet hun seg i siste liten, da hun rett før hun reiste var innom den lokale sportsbutikken og lurte på om de ville sponse henne på ferden. “Det vil vi!” smilte de og fant den fram med en gang. Heia MoSport! Den kommer godt med. #smågleder
Da sier vi snakkes, og så er det avgårde! Hilsen to gira, spente og småtrøtte jenter. |
Salama!Vi er to jenter fra det regnfulle Vestland, som skal bo et halvt år på varme Madagaskar. Tonga soa til vår blogg, snx Arkiv |